Beaconsfield
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Beaconsfield er ein marknadsby i Buckinghamshire i England, omkring 50 km nordvest for London. Han ligg i Chiltern Hills, og høyrer til pendlarbeltet kring London. Bustadprisane i byen har av den grunnen vorte svært høge.
Namnet er først dokumentert i 1184, då skrive Bekenesfelde, med same tyding som den moderne forma, eit jorde (field) med ein varde (beacon).
Blant kjende personar som har budd i byen finn ein Benjamin Disraeli, som var statsminister i 1868 og igjen 1874–1880. Han vart den første jarl av Beaconsfield i 1876. Seinare finn ein Enid Blyton, Pauline Quirke og Terry Pratchett. G.K. Chesterton, Edmund Burke og Edmund Waller er gravlagt i byen.
Byen blir tent av ein jernbanestasjon på Chiltern-linja som går frå Marylebone i London til Birmingham. Mens den eldste bydelen, Old Beaconsfield, voks opp omkring ein skysstasjon, har det seinare vakse opp ein ny bydel omkring stasjonen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Beaconsfield» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads