Beat Feuz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Beat Feuz (fødd 11. februar 1987) er ein sveitsisk skirennar frå Schangnau i kantonen Bern. Han vart nummer to i verdscupen i alpint 2012.
Remove ads
Aktiv
Feuz debuterte i verdscupen i desember 2006 i Reiteralm, utan å utmerke seg. Sesongane 2008 og 2009 gjekk han skadd. Hans beste plassering i verdscupen 2010 var ein 12. plass i den alpine kombinasjonen i Wengen.
Under sitt fyrste store meisterskap, alpin-VM 2011 i Garmisch-Partenkirchen, vart han nummer ni i utfor. Han fekk sitt gjennombrot som skirennar i utforløypa på Kvitfjell 11. mars 2011. Den dagen vann Feuz utforrennet med fem hundreddels margin til Erik Guay frå Canada. Dagen etter kom Feuz på tredjeplassen i den same løypa.
Gjennom heile 2012-sesongen var Feuz med i tetkampen om verdscuptroféet. Ved sesongslutt stod han med 1 330 poeng, og kom dermed 25 poeng bak verdscupvinnaren Marcel Hirscher frå Austerrike, men var nesten 200 poeng føre tredjemann, nordmannen Aksel Lund Svindal. Feuz vann fire av verdscuprenna, og stod i alt 13 gongar på pallen.
Verdscupsigrar
*Delt med Klaus Kröll
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads