Kvitfjell

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kvitfjell
Remove ads

Kvitfjell er eit skisenter som ligg på Kvitfjellet i Ringebu kommune i Innlandet, om lag 45 min nord for Lillehammer med bil. Anlegget har ni heisar og ein heiskapasitet på 12 000 personar i timen. Den maksimale fallhøgda ligg på 854 m.

Thumb
Alpinbakken på Kvitfjell går ned fjellsida over Mælum gard.
Thumb
Skitrekket på Kvitfjell byrjar nedanfor jarnbanelina.

Kvitfjell har omkring 25 kilometer nedfart til saman, der den lengste nedfarten er på 3,5 km. Det er rundt 600 km med langrennsløyper som har utgangspunkt frå Kvitfjell.[1]

Kvitfjell opna fyrste gongen i 1991 og vart brukt under Lillehammer-OL i 1994. Etter det har det vore arrangert årlege verdscuprenn ved anlegget.[2] På vestsida av Kvitfjell er det lagt til rette for barnefamiliar, med enkel tilkomst frå E6 og tenestebygg med skikafe, sportsbutikk og utleige av skiutstyr. Det går gratis buss frå Kvitfjell til Hafjell alpinsenter.[3]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads