Bedford

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bedford
Remove ads

Bedford er administrasjonsby i grevskapet Bedfordshire i England, og dessutan i distriktet Bedford. Byen har kring 90 000 innbyggjarar, medan distriktet har omkring 150 000 innbyggjarar, som er busett i Bedford og i Kempston, som ligg rett i nærleiken.

Kjappe fakta Land, Region ...

Bedford vart kjøpstad tidleg i mellomalderen. På 1800-talet vart det etablert fleire store ingeniørbedrifter her, men i dag er dei fleste av desse nedlagt, og byen har slite med økonomiske nedgangtider sidan 1980-åra. Likevel veks byen raskare enn dei fleste andre byar i England, og i byrjinga av 2000-åra har fleire nye store bustadområde vorte bygd.

Dei fleste arbeidstakarane som buset seg i byen pendlar til London eller Milton Keynes, og Bedford er endestasjon for Thameslink og stoppestad for Midland Mainline-toget.

Thumb
Bedford bybru i 2007.
Foto: Steve Williams

Predikanten og forfattaren John Bunyan budde i Bedford, der han òg vart fengsla. Den siste avrettinga i Storbritannia fann stad i Bedford fengsel.

Elva Great Ouse renn gjennom sentrumet til byen. Langs elvebreidda ligg vene hagar i eit område kjent som The Embankment.

Det finst fire privatskular i byen, alle drivne av den velgjerande organisasjonen Harpar Trust, som vart oppretta ved hjelp av ein testamentatisk gåve frå Bedfordborgeren sir William Harpur på 1500-talet.

Tidleg i 1950-åra dreiv firmaet London Brick Company rekruttering av arbeidskraft i det sørlege Italia, og folketeljinga i 2000 viste at omkring 10 % av folkesetnaden i Bedford er av italiensk avstamming.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads