Milton Keynes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Milton Keynesmap
Remove ads

Milton Keynes er ein by i Buckinghamshire, England, omkring 80 km nord for London. Det er ein av dei nye byane som blei grunnlagd i 1960-åra for å legge til rette for ekspansjon i søraust-England. Den blir ofte kalla New City eller MK. Byen har opp under 200 000 innbyggjarar, og er i sterk vekst. I 1997 blei han lausrive frå Buckinghamshire i politisk samanheng, og blei sentrum i distriktet Milton Keynes. Lokalt er det eit ynske om at byen skal få status som city, men folketalet må truleg vekse noko meir før dette blir aktuelt.

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...

Meiningane om byen er delte; engelske byar er kjende for å vere stolte av historia si, og Milton Keynes har lite å konkurrere med i så måte. På plussida kan ein seie at trafikksystemet er moderne og kan handtera biltrafikk i dag, og bustadprisane er òg svært mykje lågare enn i London, samstundes som det er mogleg å pendle både til hovudstaden og til andre byar i nærleiken.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads