Before We Were So Rudely Interrupted

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Before We Were So Rudely Interrupted er eit album frå 1977 av The Animals, her kalla The Original Animals.

Meir informasjon The Original Animals-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Historie

Dette var ei gjenforeining av dei fem originale medlemane i Animals frå den første iknarnasjonen deira med Eric Burdon, Alan Price, Hilton Valentine, Chas Chandler og John Steel. Det var den første nye innspelinga deira sidan 1965. Bassisten Chandler produserte albumet for Barn Records.

Tittelen syner til den første setninga i den første artikkelen til William Connor i Daily Mirror etter den andre verdskrigen: «As I was saying before I was so rudely interrupted,...».

Albumet vart remastra og gjeven ut på CD i 2000 av Repertoire Records.

Remove ads

Mottaking

Albumet fekk god kritikk då det kom ut. Rolling Stone-skribent Dave Marsh kalla det «overraskande bra, eit enkelt album med den originale besetninga, igjen dominert av Price og Burdon». Bruce Eder frå Allmusic kalla det «ikkje langt frå ein tapt klassikar».

Albumet selde derimot svakt og det vart ikkje halden ein turne. Stilen høvde heller ikkje inn med punkrocken og discoen som var populær på denne tida. Albumet nådde 70. plass på lista i USA, 24. plass i Nederland og gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia i det heile.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads