Beit Alfa

From Wikipedia, the free encyclopedia

Beit Alfa
Remove ads

Beit Alfa (hebraisk בֵּית אַלְפָא, òg kalla Beit Alpha) er ein kibbutz i Nord distrikt i Israel, nær Gilboafjellet. Det ligg ruinar av ei eldgamal synagoge i kibbutzen, og han fekk namnet frå den arabiske landsby som ein gong stod her, Khirbet Bait Ilfa.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Plassering

Kibbutzen ligg på austkammen av Haroddalen, som ligg mellom Jezreeldalen og Beth She'andalen i Nedre Galilea. I sør og vest ligg dei bratte fjellsidene av Gilboafjellet. Dei næraste fjelltoppane er Har Barkan (497 m) og Har Gefet (318 m). Området nord og aust for kibbutzen er flatt, men fell austover mot Jordandalen. Nord for kibbutzen flyt elva Harod. 2,5 km sørvest for kibbutzen går tryggleiksmuren som skil dei israelske territoria frå dei palestinske sjølvstyresmaktene. I nærleiken ligg kibbutzenim Heftziba, Sde Nahum, Nir David og Ma'ale Gilboa. På den palestinsk sida ligg landsbyen Fakua.

Remove ads

Historie

På 500-talet var det ein jødisk busetnad her og frå denne står ruinane av ei synagoge att. Busetnaden vart etterfølgd av den arabiske landsbyen Bait Ilfa, som etter kvart vart fråflytta.

Kibbutzen vart grunnlagd den 4. november 1922 av Hashomer Hatzair-pionerar. Dei første medlemmane kom frå Polen.[1] Dei hadde alt erfaring frå 1921 då dei deltok i opprettinga av kibbutzen Geva. Den første tida var hard for pionerane, sidan staden låg i nærleiken av eit myrområde som gjorde dei utsette for malaria. I april 1927 var kibbutzen vitja av den tsjekkoslovakiske presidenten Tomáš Masaryk. Det var første gongen ein statsleiar vitja Palestinamandatet. I 1928 oppdaga medlemmane i den ærliggande kibbutzen Heftziba ruinane av Beth Alpha-synagoga, som låg på deira område. Under arabaropprøra i 1929 vart kibbutzen angripen og åkrane vart øydelagde. Då arabararopprøret braut ut på ny i april 1936, sette arabarane igjen markene i brann.

I 1940 flytta somme av medlemmane, som høyrte til Hashomer Hatzair, til kibbutz Ramat Yohanan, i byte mot folks om støtta Mapai frå Ramat Yohanan. I følgje Jewish National Fund kom dette byte av ideologiske usemjer.[1] I dei neste åra var kibbutzen eit av sentera nytta av den jødiske paramilitære organisasjonen Haganah.

Thumb
Mosaikk med dyrekrinsen i Beit Alfei-synagoga.

Den 1. april 1948 vart kibbutzen angripen av arabarar med bombekaster. Arabarane trekte seg attende då ei tropp britiske fallskjermjegerar nærma seg staden.[2]

Etter krigen i 1948-49 vart Gilboa utdanningsinstitutt grunnlagd i nordlege delen av kibbutzen. Under krigen mellom Israel og Hisbollah i 2006 tok kibbutzen i mot evakuerte frå grenselandsbyane som hadde blitt angripen med rakettane til Hizbollah frå Sør-Libanon. Etter krigen vart det oppretta eit innslusingssenter for etopiske emigrantar her. Kring 600 emigrantar bur her og lærer hebraisk og førebur seg for det israelske samfunnet.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads