Beit Iksa

From Wikipedia, the free encyclopedia

Beit Iksa
Remove ads

Beit Iksa (arabisk بيت إكسا, hebraisk skrift בית איכסא) er ein palestinsk landsby i Jerusalem guvernement, 6 kilometer nordvest for JerusalemVestbreidda. Beit Iksa har 1 600 innbyggjarar og ligg i «Område B», som tyder at dei sivile sakene blir administrert av Den palestinske sjølvstyresmakta, medan Det israelske forsvaret tar seg av tryggleiken.[2]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Historie

I krossfarartida vart landsbyen kalla Jenanara.[3]

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina og i 1596 stod han oppført som Bayt Kisa i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 79 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer, frukttre, hagar, geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[4]

I 1841 bygde ein lokal leiar, Abd al-Qadir al-Khatib, ei osmansk borg sør i landsbyen, medan ein av brørne hans bygde ein mindre versjon fem år seinare.[5]

I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og estimerte at han hadde 300 innbyggjarar. Han skreiv at området rundt var oppdyrka med vindruer og oliventre.[6] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine at «landsbyen var mellomstor, med steinhus, og ein brunn i nord, nær det heilage treet Neby Leimun. Det står nokre få oliven kring landsbyen.»[7]

I 1945 hadde Bein Iksa eit folketal på 1 410, alle arabarar, med 8 179 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 1 427 mål var plantasjar og irrigert land, 2 690 nytta for korn,[9] medan 43 mål vart utbygd land.[10]

I april 1948 flykta dei fleste landsbybuarane etter Deir Yassin fall og Haganah-styrkar gjekk inn i landsbyen og øydela mange bygningar.[11]

Remove ads

Demografi

I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Beit Iksa eit folketal på kring 1 600 innbyggjarar i 2006.[12] Av dette er over 80 % palestinske flyktningar.[2]

I ei folketeljing i 1922 utført av Det britiske mandatet styresmaktene, hadde «Bait Iksa» eit folketal på 791, alle muslimar,[13] og dette auka i folketeljinga i 1931 til eit folketal på 1003, framleis alle muslimar, i 221 hus.[14]

Folketalet voks til 1 410 i 1945.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads