Beita i Nablus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Beita (arabisk بيتا, tyder «Heim») er ein palestinsk by i Nablus guvernement nord på Vestbreidda, 13 km søraust for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 9 709 i 2007.[2] Det er mange bygningar her som er daterte attende til romersk tid.[3]

I 1952 opna Beita ein grunnskule som tente byen og dei kringliggande landsbyane. I 1954 vart det opna ein grunnskule for berre jenter, og sidan den gong er det bygd fire skular til, inkludert to vidaregåande skular.[4] Det finst fire moskéar og tre klinikkar i byen.[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads