Beitostølen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Beitostølen
Remove ads

Beitostølen er ein tettstad og vintersportsstad i Øystre Slidre kommune i Oppland i Innlandet fylke. Staden har 342 innbyggjarar per 1. januar 2024, og som namnet fortel var staden opphavleg ei stølsgrend.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

På Beitostølen er det fleire hotell og store hytteområde. Det er òg butikkar, serveringsstader og andre tenestetilbod særleg retta mot tilreisande. Staden er kjend som vintersportsstad med alpinbakkar både ved Beitostølen sentrum og i Raudalen, samt langrennsløyper på totalt 320 km.

Her ligg Beitostølen Helsesportsenter, ein rehabiliteringsinstitusjon for funksjonshemma, stifta av Erling Stordahl. Ridderrennet, eit skirenn for funksjonshemma, vert halde på Beitostølen kvart år. Frå 2004 har sesongopninga i verdscupen i langrenn vorte arrangert her. Eit skiskytingsrenn plar òg arrangerast her tidleg i sesongen. I november kvart år skipar Øystre Slidre IL til Beitosprinten.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads