Beograd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Beograd er hovudstad og største by i Serbia. Byen ligg der Sava munnar ut i Donau, og der Den pannoniske sletta og Balkanfjella. Han er òg den fjerde største byen i Søraust-Europa etter Istanbul, Aten og Bucuresti.
Beograd har status som ei eining på nivå med distrikta i Serbia med eit sjølvstyrt bystyre.[2] Byområdet er delt inn i 17 bydelskommunar, som kvar har sitt eige kommunestyre.[3] Beograd blir òg rekna som ein eigen statistisk region. Byområdet dekkjer 3,6 % av Serbia og 24 % av alle innbyggjarane i landet lever her.[4] Beograd er det økonomiske senteret i Serbia og hovudstaden for serbisk kultur, utdanning og vitskap.
Namnet til byen er sett saman av to delar: Beo- kjem av belo og betyr kvit, hrád er slavisk for borg.
I Beograd sit ein serbisk-ortodoks patriark og ein romersk-katolsk erkebiskop.
Remove ads
Historie
Beograd er ein av dei eldste byane i Europa med arkeologiske spor som går tilbake til 500-talet f.Kr.[5] Byen vart oppdaga av grekarar,[6] og grunnlagd av keltarar.[7] Han fekk byrettar av romarane[8] før han vart permanent busett av serbarar frå 600-talet og framover. Med den strategiske plasseringa har byen vorte kjempa om over 140 gonger sidan antikken.[9] I mellomalderen høyrte han til Austromarriket, Frankarriket, Kongedømet Ungarn og serbiske herskarar. I 1521 vart Beograd erobra av Det osmanske riket og vart sete for Pashaluken Beograd, som den viktigaste osmanske byen i Europa[10] og av dei største europeiske byane.[11] Serbarane fekk igjen kontroll over byen i 1841 etter den serbiske revolusjonen. Det nordlege Beograd vart likevel verande ein austerriksk utpost fram til Austerrike-Ungarn braut saman i 1918. Den samla byen vart då hovudstad i fleire utgåver av Jugoslavia, fram til 2006, då Serbia igjen vart ein eigen sjølvstendig stat. Etter dette har byen opplevd stor kulturell og økonomisk vekst.[12][13]
Remove ads
Bydelskommunar

Beograd er delt inn i 17 bydelskommunar som dels er bydelar i byområdet til Beograd, dels er forstader.
Sjølve byområdet til Beograd hadde i 2022 1 197 714 innbyggjarar[15], fordelt slik på bydelskommunane:[14]
Remove ads
Befolkningsutvikling
Folketalet ved folketeljingane etter den andre verdskrigen for kommunen (regionen) Beograd og for sjølve byområdet.[14]
Busetnader
Dei største busetnadene i regionen Beograd er:[14]
Byområdet til Beograd fordelt på bydelar:
Remove ads
Kultur
Beograd ligg sentralt til og er derfor eit av dei travlaste transportknutepunkta i Europa. Byen er kjent for å vere den mest livlege i regionen og ber på utrykket «der alt skjer». Beograd har eit livleg nattelivet og mange kjem hit i helgene.
Beograd vart kåra som framtida sin europeisk by i Aust-Europa av Foreign Direct Investment. I ei undersøking har òg The New York Times kåra Beograd til ein av dei beste europeiske hovudstadane.
Remove ads
Kjende personar frå Beograd
- Nikola Tesla (1856–1943), oppfinnar
- Ivo Andrić (1892–1975), forfattar
- Zoran Đinđić (1952–2003), politikar
- Filip Vujanović (fødd 1954), montenegrinsk politikar
- Boris Tadić (fødd 1958), politikar
- Željko Joksimović (fødd 1972), songar, låtskrivar og musikkprodusent
- Dušan Petković (fødd 1974), fotballspelar
- Novak Đoković (fødd 1987), tennisspelar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads