Ben & Tan

dansk musikkduo From Wikipedia, the free encyclopedia

Ben & Tan
Remove ads

Ben & Tan er ein dansk songduo som består av Benjamin Rosenbohm og Tanne Balcells. Duoen møtte kvarandre i 2019, då dei begge deltok i danske X Factor. Året etter vant dei Dansk Melodi Grand Prix med låten «Yes». Med sigeren skulle dei ha representert Danmark i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2]

Kjappe fakta Aktiv, Sjanger ...
Remove ads

Bakgrunn

Dei to medlemmane Tanna Amanda Balcells og Benjamin Rosenbohm deltok begge i danske X Factor i 2019. Balcells enda på fjerdeplass som del av gruppa Echo, medan Rosenbohm kom til finalen, der han enda på andreplass.[3] Etter X Factor danna dei to duoen Benn & Tan og melde seg på til Dansk Melodi Grand Prix i regi av Danmarks Radio (DR).

31. januar 2020 kunngjorde DR at Ben & Tan var ein av dei ti finalistane i Dansk Melodi Grand Prix.[4] Bidraget til duoen, «Yes», er skriven av Emil Lei, Jimmy Jansson og Linnea Deb.[3] Låten vart sloppen same dag.[5] Under finalen i København laurdag 7. mars 2020 vann duoen tevlinga med 61 prosent av telefonrøystene i siste runde.[6] Med sigeren skulle Ben & Tan ha representert Danmark i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Duoen skulle delta i den andre semifinalen torsdag 12. mai 2020. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[7]

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads