Eurovision Song Contest 2020
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eurovision Song Contest 2020 (ESC 2020), offisielt 65. Eurovision Song Contest, skulle ha vore den 65. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam Nederland i mai 2020, etter at Duncan Laurence, som representerte Nederland, vann tevlinga året før med songen «Arcade».[4] [1] Semifinalane skulle ha vore arrangerte 12. og 14. mai, medan finalen skulle ha vore arrangert 16. mai. Programleiarar for Eurovision Song Contest 2020 ville ha vore Chantal Janzen, Edisilia Rombley og Jan Smit.[2] Konkurransen vart avlyst 18. mars 2020 for å hindre spreiinga av SARS-coV-2 og COVID-19 i Europa. I staden vart det bestemt at Nederland skulle få arrangere tevlinga i 2021.[5]
Remove ads
Førtiein land skulle ha deltake i tevlinga. Bulgaria og Ukraina skulle vende tilbake til tevlinga etter eitt års pause. Montenegro og Ungarn valde å ikkje deltake i tevlinga.[3]
Remove ads
Avlysing på grunn av koronaviruspandemien
Vinteren 2019–2020 vart verda råka av eit omfattande koronavirusutbrot som kunne føre til luftvegsinfeksjonen covid-19. I månadsskiftet februar–mars 2020 innførte dei fyrste europeiske landa strenge åtgjerder og restriksjonar for å avgrense epidemien, og i mars erklærte Verdas helseorganisasjon utbrotet for ein pandemi.[6][7] Utover i mars fekk pandemien også konsekvensar for Eurovision Song Contest, og 18. mars 2020 vedtok EBU å avlyse heile arrangementet. Dette var fyrste gong i historia til Eurovision Song Contest at ei utgåve vart avlyst.[8] [5]

Konsekvensar for nasjonale finalar
Pandemien nådde Europa for fullt i slutten av februar, noko som førte til at fleire europeiske land raskt innførte strenge restriksjonar for innbyggjarar og daglegliv. I Danmark vedtok kringkastaren DR og danske myndigheiter at den danske finalen 7. mars skulle gå utan publikum – for fyrste gong i nyare tid.[9][10] Avgjersla kom etter at den danske regjeringa frårådde arrangement med meir enn 1000 personar på same stad.[11] Sverige heldt sin Melodifestival-finale same kveld, men vedtok til slutt å gjennomføre finalen med publikum.[12] Svenske SVT bad likevel publikummarar som følte seg dårleg, om å halde seg heime.[13] Den norske finalen vart arrangert før koronaviruset hadde nådd Noreg, og gjekk dimed som planlagt 15. februar.
Fleire av deltakarartistane avlyste konsertar, og fleire fan-konsertar og arrangement vart avlyst.[14][15] Blant anna vart det tradisjonsrike Eurovision in Concert i Nederland avlyst.[16]
Eurovision Song Contest vert avlyst
Virusutbrotet skapa også utryggleik omkring avviklinga av Eurovision Song Contest i Rotterdam. I slutten av februar 2020 uttala ein nederlandsk virolog at ein burde vurdere å avlyse arrangementet for å hindre smittespreiing.[17] Den nederlandske kringkastaren NPO avviste dette og sa at dei samarbeidde tett med helsemyndigheitene i landet.[18] Utover i mars kom problematikken opp igjen, men NPO og den nederlandske statsministeren Mark Rutte gjentok at det ikkje var aktuelt å avlyse tevlinga.[19] Likevel såg kringkastaren og EBU på fleire kriseløysningar og alternativ dersom pandemien skulle setje ein stoppar for dei opprinnelege planane.[20][21][22]
Det viktige delegasjonsmøtet i Rotterdam 9. mars vart også råka av koronavirusutbrotet. Der møtest delegasjonar frå kvar av dei deltakande kringkastarane for å planlegge. Under møtet overleverte kvart land offisielt bidraget sitt til EBU, men fleire land heldt seg heime for å unngå smittespreiing – blant andre Hellas, Israel og Sverige.[23][24] Også EBU-leiinga, inkludert tevlingssjef Jon Ola Sand, melde avbod på grunn av virusutbrot ved EBU-hovudkvarteret i Genève.[25] Delegasjonsmøtet vart elles gjennomført som planlagt, og dei fråverande delegasjonane deltok via videokonferanse.
Utover i mars annonserte fleire artistar at dei ikkje ville reise til Nederland for å spele inn postkort-filmane som skulle synast foran kvart bidrag. Blant artistane som takka nei, var Eden Alene frå Israel og The Roop frå Litauen.[26] Arrangørkringkastarane opplyste at dei ville finne alternative måtar for å spele inn videoane. 13. mars melde EBU at planlegginga av tevlinga fortsatt gjekk som planlagd, men at det var «for tidleg å ta ei endelig avgjerd».[27] Same dag kunngjorde ordfører i Rotterdam Ahmed Aboutaleb at han innan 6. april ville ha ei endeleg avgjerd på om tevlinga skulle arrangerast eller ikkje.[28] I midten av mars stengte ei rekkje europeiske land grensene sine og innførte strenge restriksjonar for innbyggjarar og kvardagsliv. 12. mars innførte Noreg dei strengaste restriksjonane landet har opplevd i moderne fredstid. Blant anna forbaud regjeringa større arrangement, innførte reiseforbud for helsepersonell og fråråda alle utanlandsreiser.[29]
Fleire store internasjonale arrangement vart avlyst eller utsett – blant andre Fotball-EM for herrer, French Open og Meisterligaen.[30] EBU og arrangørkringkastarane utforska fleire alternativ som å utsetje arrangementet, la det gå utan publikum, eller la artistane opptre direkte frå et tv-studio i sitt eige land.[31][32] Til slutt forkasta EBU løysingane, og 18. mars kunngjorde unionen at Eurovision Song Contest 2020 var avlyst. Dette var fyrste gong i Eurovision Song Contest si historie at ei utgåve vart avlyst.[8]
I Nederland vart alle store arrangement, konsertar og folkesamlingar forbodne fram til minst 1. september 2020.[33][34] Ahoy Arena fungerte i staden som eit mellombels mottakssenter for sjuke, for å dekkje opp landets mangel på nok sjukesenger.[35][36] Bygginga av scena og montering av teknisk utstyr skulle ha starta 6. april.[37]
Som erstatning for den avlyste finalen sende EBU underhaldingsprogrammet Eurovision: Europe Shine a Light.[38] Programmet gjkk direkte frå Hilversum i Nederland lørdag 16. mai, med Chantal Janzen, Edsilia Rombley og Jan Smit som programleiarar. Erstatningsprogrammet var ingen tevling, men hylla i staden artistane og songane som skulle ha delteke i 2020.[39]
I Eurovision Song Contest 2021 deltok 26 av dei planlagte deltakarane frå 2020 med nye låtar, og to deltakarar deltok i nasjonale finalar i 2021 utan å vinne.
Remove ads
Planlagt format
Logo og slagord
Slagordet for tevlinga vart offentleggjord 24. oktober 2019.[40] Slagordet for tevlinga var Open Up («opn opp»), og refererte til at ein skal opne seg opp for kvarandre, for musikken og for Rotterdam. Sjefsprodusent Sieste Bakker sa at dei hadde kikka etter eit slagord som reflekterte «det Nederland står for, og eit som nederlendarane kan identifisere seg med; eit land med et ope sinn mot verda, der vi kan seie det vi har på hjartet, med respekt for kvarandre».[40]

Logoen og det grafiske uttrykket til tevlinga vart presentert 28. november 2019 og var skapa av byrået CLEVER°FRANKE. Logoen var ein stor sirkel med flaggfargane til dei 41 deltakarlanda i kronologisk rekkefølgje ut frå debutåra til landa. Logoen bygde også på logodesigna frå 1970, 1976 og 1980 – då Nederland også arrangerte Eurovision Song Contest.[41] Den historiske referansen skulle ha markert 65-årsjubileet til Eurovision Song Contest i 2020.
Programleiarar
4. desember 2019 kunngjorde kringkastaren NPO at dei tre sendingane skulle leiast av tre programleiarar: skodespelar og tv-programleiar Chantal Janzen, songar og nederlandsk Eurovision-kommentator Jan Smit og sangeren Edsilia Rombley, som representerte Nederland i 1998 og 2007.[42][43]
Avrøystingsmetode
Den spanske delegasjonsleiaren avslørte 22. oktober 2019 at EBU hadde vurdert å endre det noverande avrøystingssystemet.[44] Blant anna bad EBU om synspunkt frå delegasjonane på saken, men ifølgje den greske delegasjonsleiaren røysta fleirtalet (80 prosent) av deltakarlanda for å behalde dagens system med 50 prosent jury og 50 prosent telefonavrøysting.[45]
Remove ads
Deltakande land
Semifinale 1
Sytten land skulle delta i den fyrste semifinalen 12. mai. Dei førehandskvalifiserte landa Italia, Nederland og Tyskland skulle framføre sine bidrag og røyste i denne semifinalen.[46] Den endelege startrekkefylgja skulle ha vore avgjort av produsentane i mars/april 2020.[47] I staden vart det offentleggjort ei startrekkefylgje i samband med konserten Eurovision Song Celebration 2020 på den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest 12. mai. Dette er startrekkefylgja EBU sjølv brukar.[48]
Semifinale 2
Atten land skulle delta i den fyrste semifinalen 12. mai. Dei førehandskvalifiserte landa Frankrike, Spania og Storbritannia skulle framføre sine bidrag og røyste i denne semifinalen.[46] Den endelege startrekkefylgja skulle ha vore avgjort av produsentane av showet i mars/april 2020.[47] I staden vart det offentleggjort ei startrekkefylgje i samband med konserten Eurovision Song Celebration 2020 på den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest 14. mai. Dette er startrekkefylgja EBU sjølv brukar.[71]
Finalen
Remove ads
Alternative sendingar
Som følgje av avlysinga vart det arrangert fleire uoffisielle og offisielle sendingar og tevlingar av EBU, nasjonale kringkastarar og fans. Under er ei oversikt.
Eurovision Song Celebration 2020
12. og 14. mai vart Eurovision Song Celebration 2020 arrangert på den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest. Dette var ei erstatning for dei to semifinalane, der alle dei 41 deltakarlåtane vart spelt. Men dette var inga tevling, berre ei framsyning av deltakarlåtane. Sendinga 12. mai tok for seg deltakarane i den fyrste semifinalen, i tillegg til vertslandet Nederland og to av dei fem store landa, Italia og Tyskland. 14. mai vart deltakarane i den andre semifinalen vist, saman med bidraga frå Frankrike, Spania og Storbritannia. Startrekkefølgja vart avgjord av produsentane, slik det ville ha blitt gjort om den reelle tevlinga hadde blitt arrangert. Fans bidrog også til sendingane med å spele inn videoar der dei framførte sine favorittbidrag.[106]
Eurovision: Europe Shine a Light
Utdjupande artikkel for dette emnet er Eurovision: Europe Shine a Light.
I staden for finalen gjekk EBU og dei nederlandske vertskringkastarane saman om eit felles-europeisk erstatningsshow, kalla Eurovision: Europe Shine a Light. Sendinga vart kringkasta direkte laurdag 16. mai 2020, same kveld som finalen skulle ha vore arrangert. Programleiarar var Chantal Janzen, Jan Smit og Edsilia Rombley. 46 land overførte sendinga, inkludert samtlege 41 land som skulle ha delteke i Eurovision Song Contest 2020.[107]
Alternative nasjonale sendingar
Fleire av dei nasjonale kringkastarane arrangerte også eigne Eurovision-sendingar i løpet av den planlagde finaleveka.[108] Fleire land, blant andre Noreg og Sverige, heldt tevlingar der sjåarane røysta fram sine favorittar blant deltakarane.[109][110][111][112] Den svenske sendinga heitte Sveriges 12:a og vart send torsdag 14. mai, mens NRK sende Norge bestemmer fredag 15. mai.[113] I begge landa vart Island kåra til vinnar.[114] Andre land sende tidlegare finalar i reprise, eller synte spesialsendingar og historiske tilbakeblikk.[115][116][117]
Eurovision Home Concerts
YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest arrangerte også Eurovision Home Concerts kvar fredag frå 3. april 2020. Under heimekonsertane framførte tidlegare og noverande deltakarar sine eigne og andre sine Eurovision-bidrag direkte frå heimane sine.[118]
#EurovisionAgain
Då Eurovision Song Contest vart avlyst, vart den britiske journalisten Rob Holley skuffa over at han ikkje skulle få oppleve tevlinga saman med andre fans over heile verda. I staden lanserte han ideen om å sjå ein tidlegare finale saman på YouTube kvar veke. Felles sendestart var klokka 21 kvar laurdag fram mot Europe Shine A Light lørdag 16. mai. Kva for ein finale som skulle synast, vart fyrst offentleggjord 15 minuttar før sendestart.[119] Underveis kommenterte sjåarane sendinga og songane på Twitter, og røysta i tillegg fram sin vinnar.[120] Konseptet fekk namnet #EurovisionAgain, og vart raskt populær blant fans. Den store interessa førte til at EBU sjølv vart med på konseptet og flytta i april #EurovisionAgain til den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest. På Twitter vart emneknaggen #EurovisionAgain blant dei mest nytta kvar laurdag kveld, og konseptet fekk ros frå fans og tidlegare deltakarar.[121]
#EurovisionAgain-sendingane
|
|
|
Remove ads
Sjå òg
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads