Ben Bernanke

amerikansk økonom From Wikipedia, the free encyclopedia

Ben Bernanke
Remove ads

Ben Shalom Bernanke (fødd 13. desember 1953) er ein amerikansk økonom som var sentralbanksjef i USA frå 2006 til 2014.

Bernanke blei fødd i Augusta i Georgia i USA, og voks opp i Dillon i Sør-Carolina.[1] Han studerte ved Harvard University og tok doktorgrad ved Massachusetts Institute of Technology.[1] Etter dette underviste han ved mellom anna Stanford University og London School of Economics, og vart tilsett som professor ved Princeton University i 1985.[1] Frå august 2002 til juni 2005 var han sentralstyremedlem i Federal Reserve, og vart deretter økonomisk rådgivar for Det kvite huset.

24. oktober 2005 nominerte president George W. Bush Bernanke til å etterfølgje Alan Greenspan som sjef for Federal Reserve, sentralbanken i USA. Bernanke vart innsett i stillinga 1. februar 2006[1] etter at det amerikanske senatet stadfesta nominasjonen til Bush ved ei avstemming 31. januar 2006.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads