Ben Roy Mottelson
amerikansk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ben Roy Mottelson (fødd 9. juli 1926 ) er ein amerikansk-dansk fysikar. Han vart dansk statsborgar i 1971. Han har samarbeidd med Aage Niels Bohr, og det teoretiske arbeidet deira med skildra av strukturen til atomkjernene vart løna med Nobelprisen i fysikk i 1975 saman med James Rainwater. Hovudverket hans er Nuclear Structure 1-2 (skriven saman med Aage Bohr i 1969 og 1975).
Mottelson vart fødd i Chicago, Illinois, og vart uteksaminert frå Lyons Township High School i La Grange, Illinois. Han fekk ein Bachelorgrad frå Purdue University i 1947 og ein filosofisk doktorgrad i kjernefysikk frå Harvard University i 1950.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ben Roy Mottelson» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads