Bendik

mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Bendik
Remove ads

Bendik er eit mannsnamn, ei hovudsakleg norsk form av Benedikt som kjem frå latinsk Benedictus, 'signa'. Bendik har namnedag den 21. mars. Namnet finst òg med skrivemåtane Bendic, Bendick, Bendiks og Bendix, dei sistnemnde òg i Danmark.

Thumb
Gravstein for Bendix Passig i Schleswig-Holstein.

Andre namn med lik tyding og opphav er til dømes Bengt, Bent og Ben, medan Beate, Benedikte og Bente er nærskylde kvinnenamn.

Remove ads

Bruk

Namnet Bendik er nesten berre brukt i Noreg, der det er kjend frå 1300-talet. Det blir mellom anna brukt i den mellomalderske riddarvisa «Bendik og Årolilja».

I nyare tid har namnet vore nokså lite brukt fram til 1980-talet, då bruken voks kraftig. Namnet nådde toppen av populariteten mot slutten av 1990-talet, før populæriteten gjekk raskt ned igjen.

I 2009 var det rundt 1 830 norske menn som heitte Bendik.

Remove ads

Namneberarar

Thumb
Bendik Riis.
  • Bendix Ebbell (1865–1941), norsk lege og teolog
  • Bendix Joachim Ebbell (1869–1937), norsk forfattar
  • Bendik Riis (1911-1988), norsk kunstnar og forfattar
  • Bendik Rugaas (f. 1942), norsk politikar (Ap)
  • Bendiks H. Arnesen (f. 1951), norsk politikar (Ap)
  • Bendik Hofseth (f. 1962), norsk jazzmusikkar (saksofon), plateprodusent og komponist
  • Bendik Wold (f. 1979), norsk journalist og samfunnsdebattant
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads