Benedikt Doll

From Wikipedia, the free encyclopedia

Benedikt Doll
Remove ads

Benedikt Doll (fødd 24. mars 1990) er ein tysk skiskyttar frå Titisee-Neustadt i Baden-Württemberg. Han vart verdsmeister på 10 km under VM i skiskyting 2017 i Hochfilzen. Doll har elles sikra seg tre VM-sølv i ulike stafettevlingar og tok to bronsemedaljar under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Doll gjekk ein etappe for det tyske mannskapet som kom på sølvplass i 4 x 7,5 km stafett då VM i skiskyting 2016 fann stad i Oslo, gullet gjekk til Noreg. Året etter kneip han gullmedaljen på 10-kilometeren ved verdmeisterskapen i Hochfilzen, etter feilfri skyting slo han norske Johannes Thingnes Bø med 0,7 sekundar. Under dei olympiske vinterleikane 2018 i Sør-Korea tok Doll bronsen på jaktstarten, OL-bronse nummer to fekk han så i 4 x 7,5 km stafett. Ved VM i skiskyting 2019 i Östersund gjekk Doll som ankermann inn til sølv for to ulike stafettlag, høvesvis i mixstafett og i mannsstafett. I begge tvelingane stod norske lag i vegen for tyske triumfar.

Pr 19.3.2019 er VM-triumfen i Hochfilzen Dolls einaste siger i eit individuelt renn i verdscupen i skiskyting. To gongar har han vorte nummer 2 og ein gong nummer 3.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads