Bengbu

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bengbu
Remove ads

Bengbu (kinesisk: 蚌埠; pinyin: Bèngbù) er eit byprefektur i den nordaustlege delen av provinsen Anhui i Kina. Prefekturet har eit areal på 5 945 km² og 3 164 467 innbyggjarar (2010). Byprefekturet Bengbu består av fire distrikt og tre fylke.

Thumb
Hovud-transportårane gjennom Bengbu
Thumb
Bengbu (gul)i Anhui

Geografi og historie

Byen Bengbu har i mange hundreår vore det sentrale transport- og handelsmidtpunktet for norddelen av provinsen Anhui og for tilgrensande område. Byen ligg på begge side av den store elva Huai He.

Namnet Bengbu tyder skjellkaien og kjem av at staden tidlegare var eit senter for fisket etter ferskvassperler.

Under den kinesiske borgarkrigen vann den kommunistiske Folkets frigjeringshær i 1948, nær Bengbu, ein avgjerande siger over Chiang Kai-shek sine nasjonalistiske hærstyrkar nær Bengbu, under den såkalla Huaihaikampanjen.

Remove ads

Samferdsle

Snøggtoget Beijing-Shanghai har stoppestad i byen Bengbu. Byen Bengbu er også stoppestad på Jinghubana som strekker seg frå Beijing til Shanghai via storbyane Tianjin, Jinan, Nanjing og Suzhou i Jiangsu.

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads