Benidorm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Benidorm er ein kystby og kommune i Valenciaregionen i provinsen Alicante i Spania ved Middelhavet.[1]
Før 1960-åra var berre Benidorm ein liten landsby. I dag er han kjend for hotellindustrien, strendene og skyskraparane og er bygd for ein turistretta økonomi. Byen har kring 75 000 innbyggjarar som bur der permanent, og er den femte største i provinsen. Han er ein av dei viktigaste feriestadane i Spania.[1]
På grunn av den unike horisonten og dei mange høge hotella og bustadblokkene vert han stundom kalla Spania sitt svar på Manhattan eller «Beniyork».
Like ved Benidorm ligg det 1406 meter høge fjellet Puig Campana, som er eit av dei høgaste fjella langs Costa Blanca.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.