Benoît Mandelbrot
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Benoît B. Mandelbrot (20. november 1924–14. oktober 2010) var ein polskfødd fransk-amerikansk matematikar. Han er mest kjend for det banebrytande arbeide innan fraktalgeometri der han fann den såkalla mandelbrotmengda. Mengda kom fram ved iterasjonar av eit komplekst andregradsuttrykk på ein datamaskin, der resultata av iterasjonane vart uttrykt grafisk. Det var Mandelbrot som gav denne typen matematiske mengder namnet fraktalar. Teorien om fraktalar vart framsett i boka The Fractal Geometry of Nature i 1987, og har sidan vist seg nyttig innanfor mange vitskapar som astrofysikk til økonomi.
Remove ads
Mandelbrot studerte i Paris og Pasadena i California frå 1945 til 1952 og forska ved Institute for Advanded Study i Princeton, mellom andre saman med John von Neumann. Frå 1958 til 1993 var han tilsett ved forskingssenteret til IBM i New York. Frå 1987 underviste han ved Yale University og vart professor der i 1999.
I 1993 vart han tildelt Wolfprisen i fysikk. Mandelbrot var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og frå 1987 medlem av National Academy of Sciences.

Remove ads
Sjå òg
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Benoît Mandelbrot» frå Wikipedia på bokmål, den 31. oktober 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads