Benozzo Gozzoli
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Benozzo Gozzoli (ca 1420–4. oktober 1497) (opphavleg Benozzo di Lese di Sandro) var ein italiensk målar under renessansen, særleg kjend som freskomålar. Han var frå Firenze og døydde i Pistoia.


Remove ads
Gozzoli var son til ein skreddar i Firenze. Han gjekk i lære hos Fra Angelico i 1446 og fylgde denne til Roma og i 1447 til Orvieto, der han arbeidde fram til 1449. Sidan for han til Montefalco, der han i 1452 i klosteret San Francesco måla syklus freskar over legenda om Frans av Assisi. Han laga også Marias himmelfart, eit måleri som i dag er i pinakoteket ved Vatikanet.
I 1456 reiste Gozzoli til Firenze, der han åra 1459-61 pryda kapellet i Palazzo Medici Riccardi med freskar. 1463-64 budde han i San Gimignano. Han måla då mellom anna ein syklus på 17 freskar over teologen Augustin sitt liv.
Frå om lag 1468 budde Gozzoli i Pisa. Der laga han sitt «magnum opus», ein serie på 25 freskar over scener frå Det gamle testamentet. Fram til 1485 arbeidde han i byen. Mykje av dette arbeidet vart øydelagt under krigshandlingar i 1944.
Gozzoli laga heller få panelmåleri. Madonna med fire helgenar (1456), Salomes dans og Thomas Aquinas triumf er mellom dei som har vorte trekt fram.
Gozzoli døydde i 1497 i Pistoia, i nærleiken av Firenze og vart gravlagt i eit dominikansk kloster.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Benozzo Gozzoli» frå Wikipedia på svensk, den 9. mai 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Benozzo Gozzoli» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads