Berdytsjiv
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Berdytsjiv (ukrainsk Бердичiв; russisk Бердичев/Berditsjov, polsk Berdyczów) er ein historisk by i Zjytomyr oblast (provins) nord i Ukraina. Han er det administrative senteret i Berdytsjiv rajon (distrikt). Byen ligg rundt 40 kilometer sør for Zjytomyr og har om lag 84 300 innbyggarar (1. januar 2005).
Han er eit viktig trafikk-knutepunkt og industrisentrum med maskinindustri og skofabrikk.
Remove ads
Historie
Berdytsjiv blei første gong nemnd som busetting i 1320. Rundt 1546 blei det grunnlagd ein by her, seinare kom eit slott til. Ein årleg marknad som starta opp i 1675, medverka til at byen etter kvart voks fram som eit viktig handelssentrum.
Mordet på den jødiske befolkninga i 1941
Berdytsjiv var eit kulturelt sentrum for jødar, polakkar og ukrainarar frå 1600- til 1900-talet. Etter den tyske innmarsjen 7. juli blei den jødiske befolkninga, som utgjorde omtrent halvparten av dei 66 306 innbyggarane[1] samla ved flyplassen[2] og systematsk slakta ned. Blant dei som Sonderkommando 4a i Einsatzgruppe C myrda var mor til Vasilij Grossman.[2]
Den raude armeen frigjorde Berdytsjiv 15. januar 1944. Det var då 15 jødar att i byen.[1]
Remove ads
Kjende personar frå byen
- Joseph Conrad (1857–1924), polsk-britisk forfattar
- Vladimir Horowitz (1903–1989), pianist
- Vasilij Grossman (1905–1964), forfattar
Litteratur
Michaela Christ: Die Dynamik des Tötens: Die Ermordung der Juden von Berditschew, Ukraine 1941-1944. Fischer: Frankfurt am Main 2011. ISBN 978-3-596-19185-7
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads