Bergen domkyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bergen domkyrkje er ei langkyrkje frå rundt 1150 i Bergen i Vestland. Kyrkja er bygd i stein og har sideskip og skrudhus. Ho har vore domkyrkje sidan 1537.
Kyrkja har 615 plassar. Ho er 60,5 m lang og 20,5 m brei. Tårnet er 13 meter breitt medan koret er 13,5 meter breitt.

Remove ads
Historie

Domkyrkja er bygd på restane av to tidlegare kyrkjer. Den eldste delen, som ein finn i murpartiet under vindauga i nordveggen, er bygd rundt 1150. Denne soknekyrkja, vigd til Olav den heilage, er omtalt i Soga om Kong Sverre.[1]
Under regjeringstida til Håkon Håkonsson blei det bygd eit fransiskanarkloster litt sør for kyrkja, som blei ein del av dette. Kyrkja brann i 1248 og 1270. Ho kunne brukast på nytt i 1301 etter at Magnus Lagabøte hadde gjeve støtte til gjenreisinga av bygget. Magnus Lagabøte blei også gravlagd i kyrkja.
Kyrkja brann nok ein gong i 1463/64 og låg i ruinar då ho blei domkyrkje i 1537. Kristkyrkja på Holmen i Bergen, som blei riven i 1531, hadde tidlegare vore domkyrkje. Biskop Gjeble Pederson sørgde for å få gjenreist tårnet og reparert skader på bygningen før han døydde i 1557. Dette tårnet var over midtskipet og blei erstatta av tårn i vestenden på 1640-talet, då kyrkja fekk si noverande form. Etter bybrannen i 1702 blei det og utført større restaureringsarbeid, og kyrkja blei ikkje teken i bruk igjen før 1743.
I 1880-83 utførte arkitektane Christie og Blix ei ny større ombygging. Sideskipet blei rive og bygd opp på nytt, med fire gotiske søyler. Ein ønska å gje kyrkja tilbake mellomalderstilen, og fjerna derfor rokokkointeriøret. Domkyrkja fekk også eit nytt alter i kleberstein.

Kyrkja har og eit minne frå Slaget på Bergens våg mellom engelske og hollandske skip i 1665, i form av ei kanonkule som sit fast i veggen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads