Bergfrue
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bergfrue (Saxífraga cotyledon) er ein fleirårig fjellplante i sildrefamilien.
Remove ads
Utsjånad
Bergfrua har ein basal bladrosett. Rosetten veks i fleire år før han vert så kraftig at han kan blomstre. Då spring det ut ein kraftig blomsterstand med meir enn hundre kvite blomstrar; bergfrua kan blomstre i mange veker. Oftast er bergrua rundt 25 cm høg, men ho kan nå meir enn halvmeteren Etter fruktmogninga døyr bladrosetten. Nye bladrosettar for nye planter vert laga ved vegetativ formeiring i åra før plante blømer.
Remove ads
Økologi
Bergfrua veks i bergsprekker og på fjellhyller, gjerne på utilgjengelege stader. Helst vil ho ha kalkhaldig berg. Ho treng luft med god råme, difor veks ho ofte under fosserøyk . Ho har hovudleveområdet sitt i Noreg, men finst òg i Jämtland og i Lapplandsfjella, på Island, i Alpane og i Pyreneane.
Kultur
Bergfrua er kåra til norsk nasjonalblomster (ved sida av røsslyng)[1], fylkesblomster i Møre og Romsdal og kommuneblomster i Valle kommune. Ho har mange folkelege namn:
- Fjelldronning
- Bergabrur
- Lilja
- Venegut
- Sifylle (Telemark)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads