Bergstjerner

kolibrislekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Bergstjerner
Remove ads

Bergstjerner er ei biologisk slekt Urochroa av kolibriar med to medlemmer som lever langs Andesfjella i Colombia, Ecuador og fåtalige i Peru. Slekta er ein del av underfamilien Lesbiinae, stamme Heliantheini, «briljantar».

Kjappe fakta

Namnet Urochroa er frå gresk: oura «hale», khroa «farge».[1]

Remove ads

Skildring

Dette er to store, mørke, og fargerike kolibriar med lange, mørke nebb. Fjørdrakta er gjennomgåande mørk. Halen har kvite ytre fjører, tidlegare var dei to artane handsama som ein art med engelsk namn «White-tailed hillstar». Oversida har mørke, raudbrune til bronsegrøne farger, undersida skittengrå og den iriserande strupeflekken blå. Kjønna er like. Dei lever i skråninga av fjellkjeder med våt subtropisk skog, gjerne nær rennande vatn.[2] Kroppsstorleikar ligg mellom 13 og 14 centimeter inkludert 3 cm langt nebb. I Colombia og Ecuador finn ein rustskjeggbergstjerne på stillehavssida av Andes, mest talrikt i Colombia,[3] kvithalebergstjerne lever på austsida. Sistnemnde også med eit par mindre isolerte populasjonar i Peru.[4]

Verdas naturvernunion, IUCN, har kategorisert begge artar som livskraftige artar (LC).[5]

Remove ads

Artslista

Bergstjerner i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[6] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[7] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[8]

  • Rustskjeggbergstjerne, Urochroa bougueri, Rufous-gaped hillstar, (Bourcier, 1851), (LC)
  • Kvithalebergstjerne, Urochroa leucura, Green-backed hillstar, Lawrence, 1864, (LC)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads