Bernhard Studer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Bernhard Studer (5. august 183222. april 1868) var ein sveitsisk landskapsmålar frå Gunzgen i kantonen Solothurn.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv

Thumb
Bechburg über Oensingen, ca. 1855
Thumb
Rhinsk landskap, 1855
Thumb
Blick ins Gäu, 1855-60

Studer var son til ein skiltmålar i Gunzgen. Fjorten år gammal begynte han i lære hos bilethoggaren Johann Georg Luthy i Olten. Han gjekk så på kunstskule i Solothurn, der vart han undervist av Gaudenz Taverna. Etter råd frå læraren slutta Studer og reiste i 1850 til kunstakademiet i München. I München fekk han så arbeid i atelieret til landskapsmålaren Karl Millner. Etter knappe to år reiste Studer tilbake til heimlandet, mest truleg av økonomiske grunnar.

Med støtte frå kantonsregjeringa i Solothurn, som gav han studiepengar, vart Studer i 1853 i stand til å reise til Düsseldorf. Der gjekk han i lære for å verte landskapsmålar, hos høvesvis Rudolf Wiegmann, Johann Wilhelm Schirmer og Hans Gude. Etter svært gode skussmål tidleg i studietida, fekk han i første kvartal 1856 avskjed «grunna rotete liv». Gjennom åra i Düsseldorf var Studer ein flittig gjest i kunstnarklubben 'Malkasten'.

Same året som han vart bortvist frå kunstakademiet i München, 1856, følgde Studer læremeisteren sin, Schirmer, til kunstakademiet i Karlsruhe. Dei komande åra var han jamnt med på vandreutstillingane som kunstforeininga i Bern arrangerte i Sveits. For måleriet Ein Gegend in Jura (Eit landskap i Jura), mottok han sølvmedalje i 1857. Også i Karlsruhe og Baden-Baden tok han ofte del i kollektivutstillingar. Tett kontakt hadde han med kunstnarar som Hans Thoma og Eugen Bracht. Etter fleire år i Karlsruhe flytta Studer i 1865 til München. Der døydde han våren 1868.

Remove ads

Arbeid

Studer var i hovudsak oppteken med motiv frå heimlandet Sveits, meir presist Gäu, eit område mellom Solothurn og Olten som ligg ved foten av Jurafjella. Best kjent er to måleri av borgslottet Neu-Bechburg, eitt av dei, sannsynlegvis hans beste og største arbeid, finst på slottet. I tillegg har han også synt fram andre alpine landskap, til dømes i Det høge Göll og i Måneskin på Walensjøen. Karakteristisk for Studer er hans rolege, nesten poetiske skildringar av natur og folk i Alpane. Dessutan finst nokre få og kjenslevare bilete med scener frå gard og landsby.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads