Berrybreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Berrybreen er ein isbre i Antarktis, som er kring 40 km lang og 8 km brei, og som drenerer nord mellom Perry Range og Demas Range ut i Getzisen på kysten av Marie Byrd Land. Området vart først fotografert og grovt kartlagt frå lufta frå U.S. Antarctic Service i desember 1940 og breen vart kartlagt i detalj av U.S. Geological Survey frå landmålingar og frå flyfoto tekne av U.S. Navy, 1959–66. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter offiser William H. Berry i U.S. Navy som var flyoffiser for Task Force 43 under Operasjon Deep Freeze 1969–72 og operasjonsoffiser i 1973.[1]
Det ligg sju vulkanske nunatakar langs austsida av breen.[2]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads