Besso
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Besso er eit 3 667 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais.
Namnet Besso tyder tvillingane på Val d'Hérens-dialekta og viser til fjellet sine to tvillingtoppar.
Fyrsteklivinga av fjellet vart truleg føreteken av fjellførarane J. B. Epinay og J. Vianin i 1862. Den klassiske ruta til topps går langs sørvestegga. Ho vart truleg klatra fyrste gongen av eit klatrelag leia av R. L. G. Irving.
Mountet-hytta på 2 886 meter er utgangspunkt for dei som kliv normalruta, også kalla dameruta.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Besso» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads