Mirach
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mirach eller Beta Andromedae (Beta And, β And, β Andromedae) er ei markant stjerne nord i stjernebiletet Andromeda. β Andromedae ligg nordaust for den store firkanten i Pegasus og er teoretisk synleg for alle observatørar nord for 54° S. Galaksen NGC 404, som òg vert kalla Mirach-spøkjelset, er synleg sju bogeminutt unna.[13]
Stjerna har ein midlare tilsynelatande storleiksklasse på 2,05,[2] som gjer ho til den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet. Luminositeten varierer noko frå storleiksklasse +2,01 til +2,10.[3] Basert på parallaksemållingar, ligg ho kring 197 lysår frå jorda.[1] Den tilsynelatande storleiksklassen til stjerna er redusert med 0,06 på grunn av ekstinksjon skapt av gass og støv langs siktelinja.[7]
Remove ads
Eigenskapar
Beta Andromedae er ei raud kjempe med spektralklasse M0 III.[4] Sidan 1943 har spekteret til denne stjerna vore eit stabilt ankerpunkt som andre stjerner vert klassifisert etter.[14] Ein mistenkjer at ho er ei halvregulær variabel stjerne med tilsynelatande storleiksklasse som varierer frå +2,01 til +2,10.[3] På dette stadiet i utviklinga til stjerna, har den ytre envelopen utvida seg til å bli kring 100 gonger så stor som sola.[10] Ho stråler 1 995[10] gonger kraftigare enn sola med ein effektiv temperatur på 3 842 K.[11]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads