Beth Heiden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Elizabeth Lee Heiden, kjend som Beth Heiden, (fødd 27. september 1959) er ein USA-amerikansk tidlegare skeiseløpar og syklist frå Madison i Wisconsin. Ho vart verdsmeister i firkamp på skeiser i 1979 og i landevegsskykling året etter. Heiden var syster til Eric Heiden.

Beth Heiden vart nummer to i sprint-VM 1978 på skeiser, slått einast av Ljubov Sadtsjikova frå Sovjetunionen. Vinteren 1979 var Heiden heilt suveren under firkamp-VM i Haag, der ho fekk bestetid på alle fire distansane. To veker seinare tok ho ein ny sølvmedalje då Sprint-VM 1979 fann stad i vesttyske Inzell. Året 1980 sanka ho fleire internasjonale medaljar. Det tok til med sølv i firkamp-VM på Hamar, bakom sovjetiske Natalija Petrusova, heldt fram med bronsemedalje på 3 000 meter under Vinter-OL 1980 i Lake Placid, slått i parløp med gullmedaljør Bjørg Eva Jensen, før ho sikra seg bronseplassen i sprint-VM i West Allis.
Eit halvt år etter ho la skeisene på hylla, spurta Beth Heiden inn til siger i verdsmesterskapen i landevegssykling 1980 i franske Sallanches.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Beth Heiden» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2018.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads