Better Things
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Better Things» er ein song av The Kinks, gjeve ut på singel i juni 1981 i Storbritannia og i november 1981 i USA.[2] Ein litt kortare versjon av songen kom seinare ut på albumet Give the People What They Want.
Songen vart skriven av Ray Davies om mislukka ekteskap og kom til under innspelinga av Low Budget. Songen var ferdig i 1981 og gjeven ut på singel. Singelen nådde 42. plassen i Storbritannia og 92. plassen i USA. Dette var den første singelen deira på den britiske singellista sidan 1972.
Remove ads
Bakgrunn
«Better Things» vart skriven av Ray Davies i New York City om det skrantande ekteskapet hans med den andre kona hans, Yvonne.[3] Davies har fortalt Jeff Tamarkin i The Aquarian Weekly at han på den tida var deprimert.[3]
Songen vart spelt inn på ny for Give the People What They Want i april 1981.[3]
Utgjeving
Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i Storbritannia. Dei første eksemplara av singelen kom med ein ekstra 7"-plate som inneheldt konsertversjonar av «Lola» og «David Watts», som begge vart spelte inn på amerikanske turnear i 1979 og 1980. B-sida i Storbritannia var «Massive Reductions», som ikkje var med på albumet. Ein annan, kortare versjon av «Massive Reductions» kom ut i 1984 på albumet Word of Mouth. «Better Things» nådde 46. plassen på UK Singles Chart og var den første singelen deira på lista sidan «Supersonic Rocket Ship» i 1972.
I USA vart «Destroyer» gjeven ut i september som den første singelen frå albumet, og «Better Things» vart den andre singelen frå albumet i november. «Better Things» nådde 12. plassen på Billboard Rock Top Tracks-lista og 92. plassen på Billboard Hot 100, litt lågare enn «Destroyer».
I september 2010 gav Ray Davies ut albumet See My Friends med omarbeidde, klassiske Kinks-songar. Her finst ein duett med Bruce Springsteen på «Better Things».
I 2011 kåra American Songwriter «Better Things» til deira favorittsong om å gjere det slutt.[1]
Remove ads
Andre versjonar
- Pearl Jam spelte inn ein versjon av songen og gav han ut på singel i 2011 via nettsida si
- Det amerikanske punkrockbandet Bouncing Souls spelte inn songen for albumet The Gold Record.
- Dar Williams spelte inn songen på albumet hennar End of the Summer.
- Fountains of Wayne gav ut songen på This Is Where I Belong - The Songs of Ray Davies & The Kinks, ei hyllest som kom i 2002.
- Medlemmar av Counting Crows spelte songen på ein konsert i 2003.
- Frank Black spelte inn ein versjon i 1996 som B-sida til «The Marsist».
- Marky Ramone and The Intruders spelte inn ein versjon i 1996 for debutalbumet hennar.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads