Bikkvogn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bikkvogn, møkkavogn eller møkkakjerre, er ei vogn for hest som tidlegare vart nytta for å køyra møkk, jord, stein, osb. Som det går fram av namnet kan ei bikkvogn tippast. Slike vogner fanst før i tida på dei aller fleste gardsbruk. I framkant av vognkassen var det eit lås, ofte ein krok, som hindra at vognkassen tippa under køyring. Når ein køyrde møkk frå ei dynge eller ein møkkakjellar nytta ein greip for å lessa på vogna, og så vart lassa tippa på åkeren eller ekra, slik at dungane vart liggande i høveleg avstand frå kvarandre. Dei var så spreidd utover med grip.

Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads