Bill Berry

amerikansk musikar og trommeslagar From Wikipedia, the free encyclopedia

Bill Berry
Remove ads

William «Bill» Thomas Berry (fødd 31. juli 1958) er ein amerikansk musikar som er best kjend for at han var trommeslagar i alternativ rock-bandet R.E.M. i 17 år (frå 1980 til 1997), før han trekte seg tilbake og vart bonde. Utanom at han var fast trommeslagar, spela han også mange andre instrument, som gitar, bassgitar, mandolin, piano og keyboard, både ved låtskriving og på R.E.M.-platene. Etter at han gjekk ut av bandet, har han heldt ein låg profil og berre hatt sporadiske gjenforeiningar med R.E.M. og vore med på platene til andre artistar.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Berry bidrog også til låtskrivinga, spesielt på «Everybody Hurts» og «Man on the Moon», begge frå plata Automatic for the People. Andre Berry-songar var «Perfect Circle», «Driver 8», «Can’t Get There from Here» og «I Took Your Name».

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads