Bill Black
amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
William Patton «Bill» Black jr. (17. september 1926–21. oktober 1965)[1] var ein USA-amerikansk musikar og bandleiar som er kjend som ein av pionerane innan rock and roll. Black var bassist i den tidlege trioen til Elvis Presley, og danna sidan Bill Black's Combo.
Remove ads
Biografi
Black spelte først for Sun Records tidleg i 1954 som del av eit countryband, Doug Poindexter and the Starlite Wranglers, der gitaristen Scotty Moore òg spelte. Denne gruppa gav berre ut ein singel for Sun, men det var nok til at sjefen i Sun, Sam Phillips, sette Black og Morre saman med Elvis Presley. Som Elvis Presley, Scotty og Bill, gav dei ut fem singlar for Sun i 1954 og 1955, som vanlegvis vert rekna som somme av dei beste rockabilly-songane som nokon gong er spelt inn. Blak var ein viktig del av den tidlege stilen til Presley med sin klaskande kontrabass og sprudlande framferd på scenen.
Black og Moore arbeidde med Presley fram til 1958, men slutta då dei ikkje vart samde om honorara. Black og Morre hadde fått ein fjerdedel av honrara i starten av karrieren til Presley, men sjøv etter at Presley vart stor stjerne med RCA i starten av 1956, fekk dei berre 200 dollar kvar i veka. Sjølv om Morre seinare arbeidde med Presley igjen, slutta Black heilt og vart med ei gruppe i Memphis som utvikla seg til Bill Black's Combo i 1959. Instrumentalen deira «Smokie» kom ut seinare på året og nådde topp 10.
Bill Black's Combo heldt seg til stilen dei hadde funne på «Smokie» på dei neste singlane, ein enkel shuffle-rytme, enkelt bluesaktig R&B-riff, og litt orgel og saksofon på toppen. Dei var ikkje særleg nyskapande, men ganske suksessrike, og fekk åtte singlar på topp 40 mellom 1959 og 1962, inkludert «White Silver Sands», «Josephine», «Don't Be Cruel», «Blue Tango» og «Hearts of Stone». Dei instrumentale rockesongane høva bra som bakgrunnsmusikk på barar, klubbar og kafear, og mange av platene deira var å finne i jukeboksar. Dette var medverkande til det gode salet. Dei hadde framleis singlar å topp 100 så seint som i 1964, og det året turnerte dei òg med The Beatles under den første turneen deira i Amerika.
Black fekk ein hjernesvulst han døydde av i 1965, kort tid før 40-årsdagen.
Remove ads
Diskografien til Bill Black's Combo
Album
- APeaked at #47 in Billboard Country Albums
Singlar
1960-åra
- ANådde òg 82. plassen på den kanadiske singellista.
1970-åra
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads