Hot R&B/Hip-Hop Songs
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hot R&B/Hip-Hop Songs er ei musikkliste som rangerer dei mest populære R&B- og hip hop-songane i USA og vert publisert kvar veke av Billboard. Rangeringa er basert på kor mykje songen blir spelt på radio, salstal og strøyming.[1] Lista bestod tidlegare av 100 songar, men vart korta ned til 50 i oktober 2012.[2][3]
Lista har til forskjellige tider vore dominert av jazz, rhythm and blues, doo-wop, rock and roll, soul og funk, og er i dag dominert av contemporary R&B og hip hop. Sidan starten har lista endra namn mange gonger etter kvart som musikkindustrien har endra seg.[4]
Remove ads
Historie
Mellom 1948 og 1955 var det forskjellige lister for Best Sellers og Juke Box, og i 1955 vart ei tredje liste lagt til, Jockeys-lista basert på radiospeling. Desse tre listene vart slått saman til ei enkel R&B-liste i oktober 1958.
Frå 30. november 1963 til 23. januar 1965 hadde ikkje Billboard ei R&B-liste. Lista vart lagt ned då Billboard meinte det ikkje var naudsynt å skilje mellom R&B og pop etter at Motown var komen på banen.[5] Lista vart starta opp att 30. januar 1965 som «Hot Rhythm and Blues Singles» då det oppstod skilnader i musikksmaken til dei to publikuma då den britiske bølgja oppstod i 1964.
23. august 1969 vart «rhythm and blues» erstatta med «soul», og lista vart kalla «Best Selling Soul Singles». Billboard meinte at omgrepet «soul» betre skildra «den vide rekkjevidda av songar og instrumental musikk som kjem frå dei svarte amerikanarane».[6] Seint i juni 1982 fekk lista nytt namn igjen, denne gongen til «Black Singles» fordi muusikken afroamerikanarane kjøpte og lytta til hadde ein «stilmessig større variasjon enn soul» frå tidleg i 1970-åra. Black Singles vart rekna som eit høvande omgrep som omfatta pop, funk og tidleg rap-musikk i urbane samfunn.[7]
R&B kom inn att i namnet på lista i 1990, og hip hop vart innført som tittel frå 11. desember 1999, då Billboard endra namnet til «Hot R&B/Hip-Hop Singles & Tracks» for å anerkjende påverknaden og forholdet hiphop hadde i sjangeren. Kort tid etter var kryssinga frå R&B til pop så stor at alle songane på Topp 10 på Billboard Hot 100-lista den 11. oktober 2003 var av svarte artistar.[8] Den lange tittelen vart forkorta ned til «Hot R&B/Hip-Hop Songs» den 30. april 2005. Metodikken for å rekne ut lista vart endra 20. oktober 2012, og byrja å innlemme digital nedlasting og strøyming, og kombinerte det med radiospeling og fysisk sal. Samstundes vart lista korta ned til 50 songar.
Remove ads
Rekordar
Lengst på toppen av lista
18 veker
- Joe Liggins' (1945) - «The Honeydripper»
- Louis Jordan & His Tympany Five (1946) - «Choo Choo Ch'Boogie»
- «One Dance» (2016) – Drake med Wizkid og Kyla[12]
16 veker
- «Blurred Lines» (2013) – Robin Thicke med T.I. og Pharrell Williams[13]
15 veker
- «Be Without You» (2006) – Mary J. Blige[13]
14 veker
- «Nobody's Supposed to Be Here» (1998–1999) – Deborah Cox[13]
- «We Belong Together» (2005) – Mariah Carey[13][14]
- «Blame It» (2009) – Jamie Foxx med T-Pain[13]
- «Pretty Wings» (2009) – Maxwell[13]
- «Diamonds» (2012–2013) – Rihanna[13]
- «Thrift Shop» (2013) – Macklemore & Ryan Lewis med Wanz[13]
- «See You Again» (2015) – Wiz Khalifa med Charlie Puth
13 veker
- «Can't Be Friends» (2010–2011) – Trey Songz[13]
- «The Monster» (2013–2014) – Eminem med Rihanna
- «Fancy» (2014) – Iggy Azalea med Charli XCX
12 veker
Songar som har vore lengst på lista
- 75 veker – «Be Without You» – Mary J. Blige (2005)[15]
- 74 veker – «God In Me» – Mary Mary (2009)[16]
- 73 veker – «On the Ocean» – K'Jon (2009)[17]
- 71 veker – «You Make Me Wanna...» – Usher (1997), «There Goes My Baby» – Usher (2010)
- 70 veker – «Step in the Name of Love» – R. Kelly (2003)[18]
- 63 veker – «In My Bed» – Dru Hill (1997)
- 60 veker – «Too Close» – Next (1997)
- 59 veker – «Pretty Wings» – Maxwell[19] (2009), «Un-Thinkable (I'm Ready)» – Alicia Keys (2010), «Sure Thing» – Miguel (2011)
- 58 veker – «When I See U» – Fantasia (2007), «Teachme» – Musiq Soulchild (2007)
- 57 veker – «Love on Top» – Beyoncé[20] (2011)
- 56 veker – «If I Ain't Got You» – Alicia Keys (2004), «Lost Without U» – Robin Thicke (2007), «Until the End of Time» – Justin Timberlake & Beyoncé[21] (2008)
- 55 veker – «Heaven Sent» – Keyshia Cole[22] (2008), «Spotlight» – Jennifer Hudson (2008), «Drank in My Cup» – Kirko Bangz[23] (2011), «Adorn» – Miguel (2012)
- 54 veker – «Stay» – Tyrese[24] (2011), «Thrift Shop» – Macklemore & Ryan Lewis feat. Wanz (2012)
- 52 veker – «We Belong Together» – Mariah Carey[25] (2005), «Up!» – LoveRance feat. Iamsu & Skipper or 50 Cent[23] (2011), «Thinkin Bout You» – Frank Ocean[26] (2013), «Can't Hold Us» – Macklemore & Ryan Lewis feat. Ray Dalton (2013), «All of Me» – John Legend (2014)
Lengst på lista før toppen vart nådd
- 43. veke – «Step in the Name of Love» av R. Kelly
- 35. veke – «All of Me» av John Legend
- 32. veke – «Needed Me» av Rihanna
Kjelde:[12]
Flest førsteplassar
Artistar med flest veker på toppen av lista
- 113 – Louis Jordan
- 84* – Drake
- 67 – Stevie Wonder
- 65 – Aretha Franklin
- 65 – Usher
- 54 – Alicia Keys
- 48 – James Brown
- 45 – Rihanna
- 40 – R. Kelly
- 39 – Beyonce
Flest innføringar på lista
- 179 - Lil Wayne[27]
- 140 - Drake[27]
- 129 - Jay-Z[27]
- 111 - James Brown
- 100 - Aretha Franklin
- 82 - Chris Brown
- 71 - Nicki Minaj[12]
- 48 - Rihanna[12]
Remove ads
Bubbling Under R&B/Hip-Hop Singles
Bubbling Under R&B/Hip-Hop Singles[28] er ei liste som består av 25 songar som er i ferd med å kome inn på lista. Mange gonger stoppar singlane på denne lista og kjem aldri inn på hovudlista. Bubbling Under R&B/Hip-Hop Singles vert ofte berre rekna som eit tillegg på 25 songar til hovudlista.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads