Bill Legend

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Bill Legend (fødd William Fifield, 8. mai 1944) er ein engelsk trommeslagar, mest kjend som medlem av glamrockbandet T. Rex i den mest suksessrike perioden deira.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Han spelte med det verkelege namnet sitt i ei gruppe kalla Legend, med Mickey Jupp som frontmann, då Marc Bolan, frontmannen i T. Rex, såg han og bad produsent Tony Visconti om å snakke med han. T. Rex hadde akkurat byrja å spele musikk med elektriske instrument og trong ein trommeslagar for den nye musikalske retninga. Den første songen Legend spelte på var «Hot Love», som nådde førsteplassen av den britiske singellista.

Legend spelte trommer for T. Rex på fire album (Electric Warrior, The Slider, Tanx og Zinc Alloy) fram til 1973, då bandet byrja å bryte saman etter at hittane byrja å ta slutt. Dei oppnådde fire førsteplassar og fire andreplassar på den britiske singellista medan Legend spelte trommer.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads