Tanx

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

Tanx er eit studioalbum frå 1973 av det engelske rockebandet T. Rex, det åttande sidan debutplata deira som Tyrannosaurus Rex i 1968 og det fjerde under namnet T. Rex. Det kom ut 16. mars på EMI. Tanx skilde seg musikalsk frå dei førre albuma. Det var framleis spor her som minna om The Slider, men songaren og låtskrivar Marc Bolan synte òg interessa si for soul, funk og gospel. Det var kvinnelege korsongarar på eit par av songane. Det vart òg nytta nye instrument som mellotron, slik at T. Rex kunne utvikle stilen sin.

Meir informasjon T. Rex-kronologi ...

Då det kom ut selde Tanx godt og nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart,[1] tredjeplassen på den tyske albumlista og femteplassen i Noreg.[2] Det vart ikkje gjeven ut nokre singlar for å marknadsføre albumet.

Remove ads

Historie og musikk

Innspelinga byrja i Frankrike i august 1972, og heldt fram i oktober 1973 etter ein turné i USA. I USA hadde bandet spelt på scenen med kvinnelege korsongarar på eit par av konsertane. Bolan spelte inn piano basert på songen «Left Hand Luke and the Beggar Boys» med kvinnelege gospelsongarar,[3] Madeline Bell, Lesley Duncan, Vicky Brown, Barry St John og Sue and Sunny. Dei song i lag med Bolan på dei sjelfulle refrenga, men vart ikkje førte opp på plateomslaget. Bob Stanley frå The Times skildra «Left Hand Luke and the Beggar Boys» som ein «New Orleans bar piano»-song med «interstellar soul».[4] «The Street and Babe Shadow» med saksofon som eit av hovudinstrumenta, synte den meir funky sida til Bolan. «Life is Strange» og «Broken Hearted Blues» var balladar nærare til den tidlegare T. Rex-stilen, medan «Shock Rock» var eit boogie-spor.[5]

Bolan ønskte å gå bort frå tradisjonell T. Rex. Han brukte tid i studio på å overdubbe alle instrumenta og legge til effektar. Opningsnummeret «Tenement Lady» tillet bandet å bruke ein mellotron og Bolan brukte phasing-effekt på vokalen sin.[5]

Remove ads

Utgjeving

Tanx kom ut 28. januar 1973 på selskapet EMI i Storbritannia og Reprise i USA. Tanx nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart og vart ein hit over heile Europa, med ein tredjeplass i Tyskland,[2] femteplass i Noreg,[2] 15. plass i Sverige,[6] og 20. plass i Finland,[7] men klarte ikkje å matche suksessen til The Slider i USA, der det berre nådde 102. plassen på Billboard 200. Den populære singelen «20th Century Boy», som var spelt inn i Japan,[5] var ikkje med på albumet, som kan ha påverka salet, sidan albumet (i motsetnad til tidlegare album) ikkje hadde nokre singlar.

Tanx vart ommastra for CD av Edsel Records i 1994 og kom ut med ei rekkje bonusspor. Ei tilhøyrande utgjeving, kalla Left Hand Luke (The Alternative Tanx), kom ut i 1995 med alternative versjonar, uferdige studiomikar og demoar av albumspora. Dei to albuma kom ut i lag i 2002. I 2003 vart fleire innspelingar frå Tanx-innspelinga gjevne ut på Thunderwing Productions Limited (TPL) som The Tanx Recordings.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Tanx fekk god kritikk i både NME og Record Mirror.[5] Creem skreiv at «song for song er dette kanskje det sterkaste albumet til Marc Bolan. Det er i alle fall det mest varierte og det mest musikalske».[9] Men det vart latterleggjort av Rolling Stone. Paul Gambaccini skreiv «Dette albumet kunne ha blitt ein god EP. Eg kan ikkje så mange som verkeleg er nøgd med dette. Men eg har teke feil før.» Han likte likevel songane «Mister Mister,» «Electric Slim and the Factory Hen» og «Broken Hearted Blues.»[12]

Seinare meldingar har vore mindre positive. Whitney Strub i PopMatters skreiv «Ei årsak til at Tanx selde dårleg var at det ikkje hadde det umiddelbare som glam var kjend for. Songanr glir stort sett usamanhengande frå den eine oppbrotne minisoga til den neste».[11] Stephen M. Deusner i Pitchfork likte godt albumet, men kalla det «eit vanskeleg album».[10] The Quietus skreiv «Det er ei overdriven plate i beste mogelege forstand», og meinte «Tenement Lady» var ein fantastisk opningslåt. Neil Kulkarni skreiv at «Electric Slim & The Factory Hen» var eit nikk til svart soulmusikk, ein stil Bolan alltid hadde ønskt utforske. Kulkarni skreiv at dette var to år før David Bowie «prøvde å gjere det same på Young Americans».[13]

Ettermæle

AllMusic skreiv at albumet signaliserte soulfasen til David Bowie: «Det var beundringsverdig at Bolan prøvde å utvide T. Rex-stilen -- soulaktige korsongarar og blåsarar gjennom heile plata, to år før David Bowie gjorde det same for bestseljaren Young Americans».[8]

Tanx inspirerte Suede på albumet Coming Up som produsenten Ed Butler sa: «Malen var Tanx av T.Rex – eg tenkte faktisk The Slider var eit betre val, men Brett (Anderson) såg det alltid annleis. Eg såg alltid på The Slider som det ultimate T.Rex-albumet, men han hadde rett, Tanx er faktisk ei betre plate, fordi det er meir interessant. I utgangspunktet var det me gjorde at kvart spor starta med akustisk gitar, bongotrommer, tamburin og Brett, så alt starta omtrent på same måten som Marc Bolan spelte inn alle greine sine opphavleg. Han byrja med ein akustisk gitar-song og så bygde han det opp med gitar og trommer og elektronikk. Så grunnlaget for songane på Coming Up er ein groove som består av conga, tamburin og akustisk gitar.»[14] I 2003 spelte Martin Gore frå Depeche Mode inn to songar frå Tanx som ekstraspor på singelen hans «Stardust»: «Left Hand Luke and the Beggar Boys»,[15] og «Life is Strange».[16]

Songen «Life is Strange» vart nytta i fleire scenar i filmen Dallas Buyers Club i 2013, der ein av hovudfigurane, Rayon, spelt av Jared Leto,[17] er ein Marc Bolan-fan som bur omgjeven av bilete av idolet sitt.[18]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Marc Bolan

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Teknisk

Salslister

Meir informasjon Liste (1973), Plassering ...

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads