Billy Cox
amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
William "Billy" Cox (fødd 18. oktober 1941) er ein amerikansk bassist, mest kjend for å ha spelt i bandet til Jimi Hendrix.
Han møtte først Jimi Hendrix tidleg i 1960-åra, då dei begge var i hæren i lag. Cox spelte då i lag med Hendrix i eit R&B-band kalla King Kasuals. Hendrix inviterte seinare Cox til England for å spele i bandet hans, men Cox avslo og jobben gjekk i staden til Noel Redding. Etter at the Jimi Hendrix Experience var oppløyst i 1969, kom Cox med i bandet Band of Gypsys i lag med Hendrix. Cox vart verande i band med Hendrix til han døydde i 1970, og spelte mellom anna på Woodstock-festivalen.
I 1971 gav Cox ut albumet Nitro Function med Char Vinnedge (frå Luv'd Ones) og Robert Tarrant. Cox spelte òg i lag med fleire andre, som Charlie Daniels Band og Buddy Miles.
Remove ads
Diskografi
Solo
- Nitro Function, 1971
Samarbeid
- Them Changes, Buddy Miles, 1970
Band of Gypsys
- Band of Gypsys, Jimi Hendrix, 1970
- Band of Gypsys 2, Jimi Hendrix, 1986
- The Band of Gypsys Return, Buddy Miles & Billy Cox, 2006
The Jimi Hendrix Experience
- Live at Berkeley, 2003
- Live at the Isle of Fehmarn, 2005
Jimi Hendrix
- The Cry of Love, 1971
- Rainbow Bridge, 1971
- Isle of Wight, 1971
- Hendrix in the West, 1972
- War Heroes, 1972
- Loose Ends, 1974
- Crash Landing, 1975
- Nine to the Universe, 1980
- The Jimi Hendrix Concerts, 1982
- Woodstock av Jimi Hendrix, 1994
- Blues, 1994
- Voodoo Soup, 1995
- First Rays of the New Rising Sun, 1997
- South Saturn Delta, 1997
- Live at Woodstock, 1999
- Valleys of Neptune, 2010
- West Coast Seattle Boy: The Jimi Hendrix Anthology, 2010
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads