Birger Meidell
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Birger Øivind Meidell (4. februar 1882–29. januar 1958) var ein norsk matematikar og politikar frå Bergen. Sigurd Meidell var ein eldre bror.
Meidell, som var son til ein skipperborgar, studerte i Hannover, Göttingen og Paris. Han arbeidde deretter som aktuar i mange år, busett i Bærum. I 1923 fekk han stilling ved Universitetet i Oslo som professor i trygdingsmatematikk, ein lærestol han hadde i 18 år. Etter at Noreg var okkupert av Tyskland i 1940 gjekk han 25. september 1940 inn i den fyrste Quisling-regjeringa og var sosialminister i eitt år. Seinare var han kommissarisk statsråd. Elles tida 1941-45 var han direktør for Norges Brannkasse.
I 1946 vart Meidell dømd til livsvarig tvangsarbeid for landssvik, men fekk nåde i 1949.
Remove ads
Kjelder
- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads