Birmingham i Alabama

From Wikipedia, the free encyclopedia

Birmingham i Alabama
Remove ads

Birmingham er den største byen i den amerikanske delstaten Alabama og hovudsetet for fylket Jefferson County. Delar av byen ligg i fylket Shelby County sør for Jefferson. I følgje folketeljinga i 2010 er det 212 237[1] innbyggjarar i Birmingham, men med forstader er folketalet 1 170 012. Byen ligg litt nord for sentrum av Alabama.

Kjappe fakta Land, Stat ...

Birmingham vart grunnlagd som ein industriby i 1871, etter den amerikanske borgarkrigen. Byen blomstra gjennom hundreårsskiftet, noko som gav han klengenamnet «Magic City» (den magiske byen).

Som ein storby i det sterkt rasesegregerte Alabama, var Birmingham prega av rasekampane gjennom 1960-talet. I 1963 vart tre afro-amerikanske jenter drepne av ei bombe, plassert der av Ku Klux Klan, ved ei baptistkyrkje.

Etter kvart har byen fått ein variert økonomi med både industri og tenestenæring. Sjølv om industrien framleis er viktig, er Birmingham òg eit senter for bankar og trykkeri, og det føregår òg viktig medisinsk forsking der.

Thumb
Remove ads

Folk frå Birmingham

  • Julia Tutwiler (1841–1916), forkjempar for fengsels- og utdanningsreform
  • Betty Lou Gerson (1914–1999), skodespelar, voks opp i Birmingham
  • Herman Poole Blount (1914–1993), musikar kjend som Sun Ra
  • Mary Anderson (1918–2014), skodespelar
  • Odetta Holmes (1930–2008), songar kjend som Odetta
  • Sonia Sanchez (f. 1934), forfattar og professor
  • Angela Davis (f. 1944), aktivist og forfattar
  • Emmylou Harris (f. 1947), songar, musikar
  • Condoleezza Rice (f. 1954), utanriksminister, diplomat og professor
  • Kerry James Marshall (f. 1955), kunstmålar
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads