Bisam

pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia

Bisam
Remove ads

Bisam (Ondatra zibethicus) er eit pattedyr i hamsterfamilien. Bisamen høyrer opphavleg heime i Nord-Amerika.[1] Eksemplar vart sett ut i Finland og Russland for å auka talet på pelsviltartar, og arten har derfrå òg spreidd seg til Noreg.[2] Han er ført opp på Norsk svarteliste 2007 som ein framand art som utgjer ein ukjend risiko mot det stadeigne biologiske mangfaldet. Han er òg sett ut i mellom anna Tsjekkia og Argentina og er no vanleg i store delar av Eurasia. Levemåten kan minna om beveren. Han lever i nærleiken av vatn, der han bur anten i holer eller i hus han byggjer av plantematerial, der inngangen ligg under vassoverflata.[1] Pelsen deira er ettertrakta, og det blir difor drive mykje jakt på bisamen.

Kjappe fakta
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads