Bitola

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bitolamap
Remove ads

Bitola (makedonsk Битола) er ein by og ein kommune i regionen Pelagonia i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2004, då dei tidlegare kommunane Bistritsa, Kukuretsjani og Tsapari vart innlemma i kommunen.

Kjappe fakta Bitola Битола, Land Statistisk region ...

Med 85 164 innbyggjarar var kommunen den tredje største etter Skopje og Kumanovo ved folketeljinga i 2021.[1] Sjølve byen Bitola var med sine 69 287 innbyggjarar den tredje største byen i Nord-Makedonia etter Skopje og Kumanovo i 2021.[1]

Bitola ligg sør i Pelagoniadalen, sørvest i landet, og er eit senter for administrasjon, kultur, industri, handel og utdanning. Rundt byen ligg fjella Baba og Nidže. Grensa til Hellas ligg berre 14 km lenger sør. Bitola er eit viktig trafikknutepunkt mellom hovudvegen frå det sørlege Adriahavet til Egearhavet og Sentral-Europa.

I perioden under Det osmanske riket vart byen kalla «Byen av konsulane» sidan mange europeiske land hadde konsulat i Bitola.

Av innbyggjarar er dei fleste etniske makedonarar (88,7 %). Kommunen har òg mindre folkegrupper av albanarar (4,4 %), roma (2,7 %), tyrkarar (1,7 %) og vlacharar (1,3 %).

Byen er heimstad for St. Klement av Ohrid-universitetet i Bitola, Makedonia sitt nest største universitet.

Remove ads

Historie

I nærleiken av sentrum i Bitola låg den antikke byen Heraclea-Lyncestis. Under Austromarriket heitte byen Monastiri, som tyder «kloster» på gresk. Mot slutten av 1300-talet vart Bitola ein del av Serbia under Stefan Dušan. Byen vart erobra av Det osmanske riket1400-talet. Då Serbia tapte byen etter den første balkankrigen fekk han namnet Bitolj etter det slaviske ordet obitel som tyder kloster. På makedonsk er ordet for kloster manastir.

Busetnader i kommunen

Dei største busetnadene i kommunen var:

Meir informasjon Busetnad, Folketal 2002 ...

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bitola

Kjelder

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads