Bitzaron

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bitzaron
Remove ads

Bitzaron (hebraisk skrift בִּצָּרוֹן, tyder Borg) er ein moshav i Det sørlege distriktet i Israel og ein del av Be'er Tuvia regionale kommune. Han ligg mellom Gan Yavne og Bnei Ayish. Folketalet i moshaven er kring 1 000,[2].

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Bitzaron vart grunnlagd i 1935 av sovjetiske refusenikar, på landområde som høyrte til JNF, med støtte frå Keren Hayesod. I ei bok om jødiske landsbyar i Palestina, skriv JNF at Bitzaron vart grunnlagd i 1939 av Tel Hai-gruppa, og at folketalet i 1947 var 175.[3]

Namnet er henta frå Sakarja 9:12:[4] «Vend heim til borga, de fangar som har von!I dag forkynner eg: Eg gjev deg dobbelt att.»

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 låg Bitzaron ved frontlinja i slaget mot den egyptiske hæren, og vart bomoba av det egyptiske luftforsvaret. Kvinner og barn i landsbyen vart evakuerte til Rishon LeZion og Ness Ziona, medan mennene vart verande att for å kjempe.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads