Bjørn Arild Gram

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Bjørn Arild Gram
Remove ads

Bjørn Arild Gram (fødd 7. mai 1972) er ein norsk politikar for Senterpartiet frå Steinkjer. Han har vore forsvarsminister i Støre-regjeringa sidan 12. april 2022.[1] Før det var han kommunal- og distriktsminister frå 2021 til 2022 i same regjering. Gram var ordførar i Steinkjer kommune frå 2007 til 2020 og arbeidande styreleiar i arbeidsgjevar- og interesseorganisasjonen til kommunane KS frå 2020 til 2021.[2][3][4]

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Thumb
Bjørn Arild Gram les forslaget til statsbudsjett for 2023.
Remove ads

Liv og virke

Bakgrunn

Gram vaks opp på garden Øvre Skjefte i Steinkjer som son av Harald Gram og Else-Marie Grove, av trønderslekta Gram på farssida.

Etter at han fullførte vidaregåandeutdanninga si ved Steinkjer vidaregåande skule, gjekk han til rekruttskule på Steinkjersannan og tenestegjorde som grensevakt ved Garnisonen i Sør-Varanger. Han er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskolen i Bodø. I tillegg har han studert økonomi, leiing og administrasjon ved Høgskolen i Nord-Trøndelag og dessutan historie ved NTNU.[5]

Gram har tidlegare arbeidd som avdelingsleiar for kontroll og analyse i Telenor Mobil si kredittavdeling på Rørvik frå 2000 til 2005.[5] Før Gram kom inn på Stortinget var han gardbrukar på Øvre Skjefte i Steinkjer, der han har dreiv korndyrking, skogdrift og økologisk frilandgris.[6]

Politisk karriere

Gram vart vald inn i Steinkjer kommunestyre for fyrste gong i 1992, og seinare inn i fylkestinget i Nord-Trøndelag i 1995. Mellom 1996 til 1998 var han leiar i Senterungdommen.[5]

Frå 2003 til 2005 var Gram leiar i Senterpartiet si fylkestingsgruppe i Nord-Trøndelag, og statssekretær i Finansdepartementet under Stoltenberg II regjeringa frå 2005 til 2007.[5] I 2007 vart han vald til ordførar i Steinkjer kommune. Han har òg vore vararepresentant til Stortinget i fleire periodar.[7]

Mellom 2004 til 2007 og frå 2010 til 2012 var han leiar i Nord-Trøndelag Senterparti

Gram var nestleiar i arbeidsgjevar- og interesseorganisasjonen til kommunane KS frå 2012 til 2020, og frå 2020 til 2021 var han styreleiar. Han vart friteke frå ordførarvervet sitt etter at han vart KS-leiar.[3]

Den 14. oktober 2021 vart han utnemnd til kommunal- og distriktsminister i Støre-regjeringa. Frå 12. april 2022 vart han forsvarsminister i same regjering etter at Odd Roger Enoksen trakk seg som forsvarsminister.[8] Sigbjørn Gjelsvik vart ny kommunal- og distriktsminister.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads