Blah Blah Blah
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Blah-Blah-Blah er eit musikkalbum av Iggy Pop gjeven ut på A&M i 1986. Det vart hans mest kommersielle album så langt i karrieren. Blah Blah Blah kom ut etter ein fire år lang pause for Pop med David Bowie som den største samarbeidspartnaren. Han la ut på ein suksessrik turne etter albumet kom ut.
)
Remove ads
Produksjon
Albumet inneheld ein coverversjon av Johnny O'Keefe-songen «Wild One» (her kalla «Real Wild Child (Wild One)») og tre originale songar skriven av den tidlegare Sex Pistols-gitaristen Steve Jones. Dei andre songane var skrivne i lag med Bowie, som òg produserte albumet i lag med David Richards. I motsetnad til hans tidlegare samarbeid med Pop, The Idiot og Lust for Life (begge 1977), song han ikkje eller spelte nokre instrument. Bowie-biografen David Buckley skreiv at Pop «praktisk talt ikkje vedkjende seg» albumet og kalla det eit «Bowie-album i alt anna enn namnet».[7] Det har ikkje blitt spesifisert kva av songane på albumet som kom frå nokre av innspelingane til Bowie-albumet Tonight i 1984, om nokon i det heile.
Remove ads
Utgjeving og mottaking
Allmusic skildra albumet som «det mest kalkulerte kommersielle albumet i karrieren til Iggy»,[8] Blah Blah Blah selde til gullplate i Canada (meir enn 50 000 selde) og nådde Topp 10 i mange land i Europa. I USA nådde det 75. plass.
Singlar
«Real Wild Child» nådde 27. plass på Billboard's Mainstream Rock-lista og vart den første hitten til Pop på Topp 10 i Storbritannia.[9] Songen vart nytta i filmen Pretty Woman frå 1990, samt Problem Child 1 og 2, og har vore kjenningsmelodi til det australske musikkprogrammet rage sidan 1987. Andre singlar og musikkvideoar frå albumet var «Cry for Love», «Isolation» og «Shades». «Cry for Love» vart av Rolling Stone skildra som ei blanding av «det klassiske raseriet til Iggy, kabareten til Bowie og ein uventa romantisk sårbarheit.»,[10] og nådde 19. plass på Billboard's Hot Dance Music-liste og 34. plass på Mainstream Rock-lista.[9]
Innhald
Alle spor skrivne av Iggy Pop og David Bowie bortsett frå der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
Credits are adapted from the album's liner notes.[11]
- Iggy Pop – vokal
- Kevin Armstrong – gitar; korvokal
- Erdal Kızılçay – synthesizer; bassgitar; trommer; strykearrangement; korvokal
- Steve Jones – gitarsolo på «Cry for Love»
- David Bowie – korvokal
Produksjon
- David Bowie – plateprodusent; miksing
- David Richards – produsent; lydteknikar; miksing
- Nick Egan – kunstnarisk leiar; design
- Michael Halsband – fotografi
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads