Zombie Birdhouse

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Zombie Birdhouse er det sjuande studioalbumet til den amerikanske rockesongaren Iggy Pop. Det kom ut i september 1982 på selskapet Animal.

Meir informasjon Iggy Pop-kronologi ...
Remove ads

Innspeling

Zombie Birdhouse vart spelt på ein 16-bandsopptakar i juni 1982 i Blank Tape Studios i New York City. Chris Stein frå Blondie spelte gitar på albumet og fungerte som produsent. Clem Burke, eit anna medlem av Blondie, spelte trommer.

Utgjeving

Albumet kom ut i september 1982 på vinyl på Animal Records.

I 1991 vart albumet nymastra med Mick Reese og eitt bonusspor, «Pain and Suffering», frå dei orignale innspelingane i Blank Tape Studio. Songen vart nytta i filmen Rock & Rule i 1983.

I 2003 kom enno i nymastring med ein ekstra CD med konsertopptak frå 28. oktober 1982 i Masonic Temple Theater i Toronto, under Breaking Point-turneen til Iggy Pop.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Zombie Birdhouse fekk blanda kritikk frå kritikarane. Parke Puterbaugh i Rolling Stone kalla albumet «ei smart samling med meir djupne enn ein kunne ha venta frå forfattaren av 'I Wanna Be Your Dog'.»[2]

I ei seinare melding skreiv Mark Deming for AllMusic «dessverre var ikkje Iggy sjølv situasjonen vaksen her. Tekstane han er ofte ei bisarr blanding av fri assosiasjon utan klårt fokus, og ein føler at Stein hadde for stor respekt for Iggy til å tørre å sei i frå når Iggy song surt. Til sjuande og sist er albumet mislukka, men det er likevel eit av dei mest interessante og ambisiøse fiaskoane i karrieren til Iggy».[1]

Musikalsk stil

Charlotte Robinson frå PopMatters skriv at «Zombie Birdhouse har nådd nesten legendarisk status fordi det er så merkeleg», og at det er «fullt av bordune synthesizerar, Afro-aktige rytmar og pseudo-poetiske, fri-assosiative tekstar». Ho skreiv òg at albumet «markerte slutte på ei spanande og eksperimentell, om enn ujamn periode i karrieren til Pop.»[4]

Innhald

Alle spor skrivne av Iggy Pop og Rob Duprey, utanom «Ordinary Bummer» og «Street Crazies», skriven av Pop

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Iggy Pop og Rob Duprey, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Iggy Pop – vokal
  • Rob Duprey – gitar, klaverinstrument, korvokal
  • Chris Stein – bass på A5, A6, B2, B3, B6, kunstnarisk leiar
  • Clem Burke – trommer, perkusjon

Teknisk

  • Joe Arlotta - lydteknikar
  • Butch Jones - miksing
  • Esther Friedman - fotografi

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads