Blaker skanse

From Wikipedia, the free encyclopedia

Blaker skanse
Remove ads

Blaker skanse var ei festning i Blaker i Akershus. Festninga låg på sørsida av Glomma «med bratte bakkar ned mot elva. Skansen vart bygt for å tryggja ferjestaden Blakersund»[1] for norske hærstyrkar.

Thumb
Frå Blaker skanse
Foto: Paal Sørensen 2009

Fyrste skansen vart bygt i 1665, ombygt i 1683. I perioden 1697-1712 låg skansen utan garnison. Under den såkalla ellevårskrigen (1709-20) kringsette ein svensk hærstyrke skansen, men drog seg tilbake utan å ha angripe. Blaker skanse var nedlagd i perioden 1764-89. Deretter var skansen i bruk til sommaren 1808, då ein svensk styrke tok kontroll over skansen i eit par dagar og øydela han. I 1811 vart skansen sett i stand, og festninga hadde i 1814 600 soldatar frå landevernet. Blaker skanse var lagt ned i 1820, og eigedomen seld i 1893.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads