Blaouza
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Blaouza (arabisk بلوزا, òg skrive Blawza og Blouza) er ein maronittisk kristen landsby i Bsharri distrikt i Nord guvernement i Libanon. Folketalet er kring 3 000,[1] og landsbyen ligg 1 320 meter over havet.[2]
Blaouza ligg i Qannoubinedalen i Qadishadalen, eit område som vart busett for 1 000-1 300 år sidan av maronittiske flyktninga som flykta frå forfølgjing til dei avsidesliggande fjella i Libanon og Syria. I isolasjon bevarte samfunna i Qadishadalen religionen sin, vanane og språket fram til moderne tid. I motsetnad til dei fleste maronittane i Libanon, hevdar innbyggjarane i Blaouza (og Qadishadalen generelt) å vere aramearar og ikkje fønikarar.
Dei fleste landsbyanne i regionen har arameiske namn, og namnet Blaouza kjem frå arameisk for «mandelsletta».[3] Fram til tidleg på 1900-talet, talte dei fleste landsbybuarane arameisk, og som følgje av dette talar innbyggjarane i Blaouza arabisk med ein særeigen aksent.
Remove ads
Kjende innbyggjarar
- Gabriel av Blaouza (fødd kring 1625),[4] maronittisk patriark 1704-1705.
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads