Bleik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bleik er ein tettstad og eit fiskevær i Andøy kommune i Nordland fylke. Staden ligg på nordvestsida av Andøya, om lag ti kilometer frå Andenes. Tettstaden har 444 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Teikning:
Finn Bjørklid
Namnet kjem truleg frå gammalnorsk bleikr, ‘ljos’, etter den ljose sandstranda, eller av blikk – den blikkstille som kan vere inne ved Bleik sjølv om nordausten står på ute i havet.
Bleik har ein særprega klyngebusetnad og næringsgrunnlaget er hovudsakleg fisketilverking og fiskeindustri, mekanisk verkstad. I 1925 vart store delar av husa øydelagt i ein storstorm. Ein gammal gardshaug kan sporast tilbake til 600 e. Kr og har ei djupne på 6 m.
Det kjende fuglefjellet Bleiksøya ligg rett utanfor Bleik, innanfor ligg Bleiksmorena naturreservat.
Bleik var den første staden i Vesterålen som tok i bruk eit vasskraftverk til straumproduksjon. Bleikselva vart demt opp, og kraftverket vart sett i drift 9. oktober 1904. Det leverte frå starten av 25 kW, nok til ljos til ca. 50 husstandar.[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads