Bleikbrynsongar

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Bleikbrynsongar
Remove ads

Bleikbrynsongar (Phylloscopus humei) er ein liten bladsongar som hekkar i høgtliggande område av det indre Asia. Han er ein insektetande trekkfugl som overvintrar hovudsakleg i India, men fåtalige streiffuglar treffast i Vest-Europa kvar haust, av dei kjem jamt over to individ til Noreg årleg.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Dette er ein av ca. 10 asiatiske bladsongarar som både har markant vengeband og lys, lang augebrynstripe, supercilium. Han har grønleg overside og lys, gråkvit underside, i dette tilfellet nær kvit undergump, han er ca. 11,5 centimeter i kroppslengd. Bleikbrynsongarar liknar gulbrunsongar, P. inornatus, som skiljast med litt klårare farga fjørdrakt. Songen er summande og skurrande, høglydt, «bzzzzzzzyu» litt veikare mot slutten. Han har ein tostava, plystrande lokkelyd «dsu-vitt».[1]

Hekkeområda er høgtliggande i høgder opp til 3 500 moh. i Altajfjella og inkluderer grenseområda Russland, Kina, Mongolia og Kasakhstan, austover i Bajkalfjella og Sajanfjella. Frå grenseområda i austlege Kasakhstan sørover over nordlege del av Kirgisistan, Kashmir, og austover i nordvestlege India, Nepal og til Bhutan. Dekker også vestlegaste Kina. I Nepal kan han hekke i opp til 3 980 moh. I sentrale Kina finst dessutan ein isolert populasjon av ein eigen underart, P. h. mandellii. Overvintringsområde er lågtliggande sør for Himalaya, over store delar av India og austover gjennom nordvestlege Myanmar og Thailand til nordlege Laos.[2]

Dette er ein insektetar, tar òg larvene, og dei kan variere med edderkoppar og blautdyr. Bleikbrynsongarar har spesialisert seg på biller gjennom hausttrekket. Andre insekt som blir tatt er mange former av årevenger, inkludert maur, bladlus og små kakerlakkar. Utanom hekketida kan dei beite i fleirartsflokkar, i fleire høgder både i og utanfor bladverk i trekroner. Meir sjeldfengd kan dei plukke føde på bakken.[2]

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er vanleg i utbreiingsområdet og klassifisert som globalt livskraftig, LC, av IUCN.[3]

Spontant i Noreg

I perioden 2000 til år 2020 har det i gjennomsnitt blitt rapportert to individ av bleikbrynsongarar i Noreg kvar haust. Det skjer i månadene frå september til desember, med ei overvekt i oktober. Dei fleste observasjonane er frå Rogaland fylke.[4]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads